Ei grundig analyse av oppdrettslaksen det siste tiåret visar at innhaldet av dei fleste uønskte stoff har gått ned.
Saken ble først publisert på NIFES.no
Det er fyrste gong at NIFES publiserer tal på så mange prøver av oppdrettslaks
NIFES har sett nærare på innhaldet av uønskte stoff som dioksin, dioksinliknande PCB, PCB6, tungmetall og pesticid i oppdrettslaksen det siste tiåret.
Resultata, som er publisert i ein ny artikkel, syner at innhaldet av dei fleste stoff går nedover.
– Vi ville sjå på mengda av uønskte stoff i oppdrettslaksen over tid, i eit høvesvis stort prøvetal. Tala synar at oppdrettslaksen er trygg mat, seier Ole Jakob Nøstbakken, forskar ved NIFES.
Over 2300 prøvar er analysert og ingen av desse inneheldt uønskte stoff over grenseverdi. Nøstbakken fortel at unntaket frå den nedgåande trenden finn me i innhaldet av PCB6 og pesticid som er på om lag same nivå i heile perioden.
– Overgangen frå marine råvarer (fiskemjøl og fiskeolje) til vegetabilske råvarer i fôret til laksen er årsaken til nedgangen vi ser i miljøgiftar, seier han.
Kvart år utfører NIFES ei overvaking av uønskte og ulovlege stoff i oppdrettslaks på oppdrag for Mattilsynet, og det er slike prøvar frå 1999 til 2011 som er bakgrunn for artikkelen. Denne overvakinga er regulert av europeisk regelverk.
Tala inngår også i rapporten frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som kom ut i desember i 2014. Rapporten konkluderer med at oppdrettslaks er trygg mat og at ved dagens nivå av miljøgiftar i oppdrettsfisk og villfisk får verken storspisarar eller andre i seg skadelege mengder av PCB, dioksin og kvikksølv frå fisk. Den understrekar også at det ikkje lenger er grunnlag for å avgrense inntaket av feit fisk, sjølv ikkje for gravide.